Eksamen og vurdering

På denne sida vil du finne informasjon om gjennomføring av sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, samt om nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

Sist endra 17.01.2024

Vaksne som skal ta grunnskuleeksamen har felles førebuing, felles eksamen og felles sensur som i grunnskulen. Dei digitale prøvene i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar finn ein på sida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir.).

Denne sida er ikkje ei totaloversikt over eksamens- og prøvefeltet. For å halde seg oppdatert, følg med på sida til Utdanningsdirektoratet. Her finn ein meir informasjon.

 


Publisert 05.02.2014

Nytt rundskriv om lokalt gitt munnleg eksamen

 Utdanningsdirektoratet - logo

Reglane knytt til lokalt gitt munnleg eksamen vart revidert i haust. No har Utdanningsdirektoratet gitt avklaringar til desse nye føresegnene i eit eige rundskriv. Lenkje til rundskrivet finn du i høgre marg.


Publisert 05.02.2014

Eksamensdatoar vår 2014 - Grunnskule og Vidaregåande opplæring

Kalender

Her finn du eksamensplanen for sentralt gitt eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring.


Publisert 06.01.2014

Skriftleg eksamen i grunnskulen 2014

Eksamen i grunnskolen

Datoar for møter og kurs som gjeld vårens sentralt gitte eksamenar i grunnskulen.


Publisert 12.09.2013

Erfaringar og vurdering av eksamen i grunnskulen 2013

Eksamen i grunnskolen

Oppmannsrapportane i faga norsk, engelsk og matematikk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2013 er no publiserte. Rapportane gjeld for prøveregion Møre og Romsdal/ Sogn og Fjordane.


Publisert 22.07.2013

Avsluttande karakterar i grunnskulen i Møre og Romsdal

Karakterer 1-6

Fylkesmannen har ansvar for sensur og klagebehandling ved eksamen i grunnskulen. Førebels karakterstatistikk for eksamen 2013 er no klar.