Kommuneøkonomi

Oppdatert 06.05.2025

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 18.04.2018

Ureviderte tall 2017 for kommunane i Møre og Romsdal

15 kommunar i Møre og Romsdal har eit lågare netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter enn Teknisk beregningsutvalg anbefaler.


Publisert 30.10.2017

Økonomisjefsamling i Angvika den 23. og 24. oktober 2017

Økonomisjefane i fylket var samla 23. og 24. oktober for fagleg påfyll og gjensidig læringsutbytte.

Presentasjonane ligg til høgre under relaterte dokument.


Driftsutgifter per innbyggar i kommunane i Møre og Romsdal

Dei meir folkerike kommunane i fylket, og kommunar som anten har eller har hatt lang fartstid i ROBEK, har til dels betydeleg lågare driftsutgifter per innbyggar enn dei mindre befolka kommunane. Til dømes er det berre 2 av dei 16 kommunane med høgast brutto driftsutgifter som har over 4000 innbyggarar.


Publisert 04.07.2017

Utviklinga i kommuneøkonomien i 2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gir kvart år ut ein rapport om utviklinga i kommuneøkonomien. Rapporten er i all hovudsak basert på tall innhenta av Statistisk sentralbyrå, og framstilt i figurar og tabellar. Tilpassingar til den nye skattereforma i 2016 gav ekstraordinære skatteinntekter til kommunane, og bidrog sterkt til at 2016 vart eit godt år for kommuneøkonomien i mange kommunar i Møre og Romsdal.


Publisert 29.06.2017

Seks kommunar meldt ut av ROBEK

Hareid, Kristiansund, Rauma, Sandøy, Sykkylven og Ørskog, er meldt ut av ROBEK etter at alle kommunane har dekt inn underskota frå tidlegare år i sin heilskap.


Publisert 15.05.2017

Revidert nasjonalbudsjett 2017 og kommuneproposisjonen 2018

Det er ikkje store endringar i dei økonomiske rammeføresetnadane for kommunesektoren i revidert nasjonalbudsjett 2017.


Publisert 02.01.2017

KOSTRA-rapportering for 2016

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til SSB innan 15. februar 2017.


Publisert 19.10.2016

Økonomisjefsamling 17. og 18. oktober

Nytt inntektssystem, gjeldsforvaltning, kommunereform og Kommunerevisjonens time var tema på økonomisjefsamlinga arrangert av KS, NKK og Fylkesmannen.


Publisert 07.10.2016

Statsbudsjettet 2017

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2017. Mellom anna vil det bli innført ei ny tilskotsordning for mellomstore kommunar som slår seg saman. Det vert også innført eit busetnadskriterium basert på reiseavstandar. Tolv kommunar i Møre og Romsdal vil dessutan bli tildelt eit vedlikehaldstilskot i 2017. Nedanfor følger eit samandrag av hovudpunkta.


Publisert 15.09.2016

3 nye kommunar inn i ROBEK

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kontrollert rekneskap for 2015 i alle kommunane med omsyn til inn- og utmelding i register for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (Robek), jf kommunelova §60.