Kommuneøkonomi

Oppdatert 18.11.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 30.10.2015

Statsbudsjettet - Tilleggsproposisjon

Styrka tiltakspakke for kommunane i Møre og Romsdal.


Publisert 14.10.2015

KMD har Gjemnes kommune som månadens døme

KMD har valt ut Gjemnes som månadens døme til etterfølging for andre kommunar. 


Publisert 07.10.2015

Statsbudsjettet - Tiltakspakka til kommunane

Kommunane får ekstra midlar for å stimulere økonomien gjennom ei særskilt tiltakspakke for auka sysselsetting.


Publisert 07.10.2015

Statsbudsjettet 2016 - Overordna framlegg

Regjeringa sitt forslag for kommunane i statsbudsjettet: over ein halv milliard frie kroner meir til kommunane i Møre og Romsdal.


Publisert 07.10.2015

Statsbudsjettet 2016

Regjeringa la i dag fram forslag til Statsbudsjettet 2016 - Kommunane i Møre og Romsdal får over ein halv milliard meir i frie inntekter.


Publisert 05.10.2015

Økonomisjefsamling 1. og 2. oktober

Økonomiplanlegging og -rapportering samt kommuneøkonomi og kommunereform var tema på økonomisjefsamling arrangert av KS, NKK og fylkesmannen.


Publisert 16.07.2015

Kristiansund kommune i Robek

Fylkesmannen sender i dag brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Kristiansund kommune skal i Robek.


Publisert 09.07.2015

7 millionar kroner i ekstra skjønnsmidlar

Fylkesmannen har fordelt 7 millionar kroner mellom kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Stordal, Haram, Nesset, Midsund, Eide og Gjemnes.


Publisert 07.07.2015

Invitasjon til innspel om skjønnsmidlar

Fylkesmannen inviterar kommunane til å gi innspel i tildelinga av skjønnsmidlar innan 7. august.


Publisert 18.06.2015

Fleire kommunar ut av Robek

Ørsta og Gjemnes kommunar har blitt meldt ut av register om vilkårsbunden godkjenning og kontroll (Robek).