Kommuneøkonomi

Oppdatert 18.11.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 12.10.2021

Fylkesvis skjønnsramme 2022 – Møre og Romsdal

Statsforvaltaren tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2022 skal 54 millionar fordelast.


Publisert 14.07.2021

Utviklinga i kommuneøkonomien for 2020

Statsforvaltaren har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien for 2020 i Møre og Romsdal. 


Publisert 16.06.2021

Ekstra skjønnsmidlar grunna Covid-19

Møre og Romsdal har fått 28 millionar kroner til fordeling i fylket. Dei ekstra skjønnsmidlane skal bli brukt på utgifter knytt til smittevern i kommunane. 


Publisert 26.05.2021

Rauma meldt inn i Robek

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bede om at Rauma kommune vert underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. 


Publisert 11.05.2021

Revidert nasjonalbudsjett 2021 og kommuneproposisjonen 2022

11. mai la regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett 2021 og Kommuneproposisjonen for 2022.


Publisert 19.03.2021

Skjønnsmidlar og Fylkesløft/prosjektskjønn for 2022

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2022. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2022 står lista opp under Fylkesløft/prosjektskjønn.


Publisert 15.12.2020

Fordeling av skjønnsmidlar til smittevern og TISK

Vi viser til framleggelsen av nysaldert budsjett for 2020 og vedtaket om å auke kommunane sine skjønnsmidlar med 800 millionar kroner på landsbasis.   


Publisert 30.11.2020

Kostra-rapportering for 2020

Frå og med rekneskapsåret 2020 skal også kommunens konsoliderte årsrekneskap, og årsrekneskap til interkommunale politiske råd og kommunale oppgåvefellesskap rapporterast.


Publisert 18.11.2020

Skjønnsmidlar til TISK og smittevern knytt til koronapandemien

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fekk 12 millionar kroner til fordeling til TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene) og 18 millionar kroner i skjønnsmidlar til smittevern. 


Publisert 21.10.2020

Siste fordeling av skjønnsmidlar 2020

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har for 2020 fått 61 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret.

Vi har tidlegare fordelt 51,25 millionar kroner. Her følger fordelinga av de resterande 9,75 millionar kroner.