Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 12.09.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Franzefoss Gjenvinning AS

Grunna finanisiell sikring har Franzefoss Gjenvinning AS avd Tananger fått endra løyve for mottak og mellomlagring av farleg avfall på lagertankar og lasteberarar. Løyvet gjeld for anlegget på Asco-basen i Sola kommune.


Publisert 08.09.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Solør Bioenergi AS

Solør Bioenergi AS Vigrestad i Hå kommune har fått endra løyve grunna finansiell sikring av anlegget for farleg avfall.


Publisert 07.09.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Geminor AS Storøy

Geminor AS Storøy, Karmøy, sitt løyve etter forureiningslova er endra. Endringa gjeld løyve til å lagra reint trevirke ute.


Publisert 07.09.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Franzefoss Gjenvinning AS avd Forus

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Forus sitt løyve etter forureiningslova er endra. Endringa gjeld løyve til å lagra pallar av reint trevirke ute.


Publisert 07.09.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Franzefoss Gjenvinning AS avd Tananger

Franzefoss Gjenvinning AS avd Tananger , Asco-base i Sola kommune, har fått endra løyve etter forureiningslova grunna finaniell garanti for mottak og mellomlagring av farleg avfall for stykkgods.


Publisert 18.08.2017

Mindre endring av løyve til Hermod Teigen AS

Hermod Teigen AS avd Egersund på Kaupaneset i Eigersund kommune har fått endra løyve slik at verksemda no og kan ta imot m.v. farleg avfall av typen blybatteri.


Publisert 04.07.2017

Endra løyve til Geminor AS på Storøy

Fylkesmannen endra Geminor AS sitt løyve frå 3.10.2016 til avfallsanlegget på Storøy i Karmøy kommune. Med denna endring kan verksemda nå også ta imot golvbelegg og vindu som er farleg avfall.


Publisert 03.07.2017

Endra løyve for Willy Solbjørg Transport AS

Verksemda er gitt endra løyve grunna krav om finansiell sikring av avfallsanlegget i Lund kommune.


Publisert 26.06.2017

Løyve til avfallsanlegg for plast i Vindafjord

Gangstø Transport AS er gitt løyve etter foureiningslova til vidare drift av avfallsanlegg for behandling av plast. Anlegget ligg i Vikebygd på eigedomen gnr/bnr 332/75 og 77 i Vindafjord.


Publisert 12.05.2017

Løyve til avvatningsanlegg for fett på industriområde Bjorhaugslettå 34

JTR Gruppen AS har fått løyve til avfallsanlegg med avvatningsanlegg for fett i container på eigedomen gnr. 23 bnr. 86 industriområde Bjorhaugslettå 34 i Hå kommune.