Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 14.12.2020

Etterkunngjering av endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på Nordmarka miljøstasjon

Løyve etter forureiningslova er endra for mottaket på Tau i Strand kommune.


Publisert 25.11.2020

Nytt løyve til Ecofiber Recycling AS

Ecofiber Recycling AS har fått nytt løyve etter forureiningslova. Løyve gjeld mottak og behandling av kasserte gjenstandar i glasfiber og komposittmateriale. Anlegget er plassert i Midtgårdveien 22 på Forus i Stavanger kommune.


Publisert 26.10.2020

Nytt løyve til Hogstad avfallsanlegg

IVAR IKS har fått nytt løyve etter forureiningslova for Hogstad avfallsanlegg i Sandnes. Løyve gjeld lagring av ulike typar sortert avfall, mottak og lagring av landbruksplast, samt lagring og kverning av utsortert trevirke


Publisert 10.09.2020

Etterkunngjering av endra løyve til Toraneset Miljøpark

Fylkesmannen har endra løyve til HIM Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS for deponietappe 1 og 2 samt gitt pålegg til avslutning og etterdrift av deponietappe 1 for Toraneset Miljøpark i Vindafjord.


Publisert 09.09.2020

Endra løyve til Solør Bioenergi AS på Vigrestad

Fylkesmannen har gitt midlertidig løyve ut året til lagring av maksimalt 500 tonn farleg avfall - impregnert trevirke - på verksemda sitt anlegg i Hå kommune.


Publisert 01.07.2020

Løyve til mottak av farleg avfall Svaaheia Avfall AS

Fylkesmannen har gitt Svaaheia Avfall AS løyve til mottak av 1500m3 massar farleg avfall på tiltaksområde Jøssingfjord i Sokndal kommune.


Publisert 29.04.2020

Nytt løyve til Norsk Gjenvinning AS avd. Stavanger

Norsk Gjenvinning AS avd. Stavanger har fått nytt løyve til mottak, sortering og mellomlagring av avfall og farleg avfall.


Publisert 03.04.2020

Avfallsanlegg kan lagre meir - melding må sendast Fylkesmannen

For å unngå at avfall hopar seg opp som følge av koronasituasjonen får avfallsanlegg midlertidig løyve til å ta imot og mellomlagra meir avfall.


Publisert 26.03.2020

Avfallmottakene må ikke overbelastes

Fylkesmannen og Miljødirektoratet ber folk om å ikke overbelaste avfallsmottakene.


Publisert 19.03.2020

Nytt løyve til Franzefoss Gjenvinning AS avd. Forus

Franzefoss Gjenvinning AS i Stavanger har fått nytt løyve til mottak, sortering og mellomlagring av avfall og enkelte typar farleg avfall.