Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 03.02.2020

Nytt løyve til Westco Miljø AS på Vigrestad

Westco Miljø AS i Hå kommune har fått nytt løyve til mottak, sortering og mellomlagring av avfall og enkelte typar farleg avfall.


Publisert 11.11.2019

Endra midlertidig løyve til avfallsanlegget på Hogstad

Fylkesmannen har endra IVAR IKS sitt midlertidige løyve etter forureiningslova på Hogstad komposteringsanlegg i Sandnes. Løyve gjeld mellomlagring av glas- og metallemballasje og mellomlagring av ulike typar sorterte plast.


Publisert 06.11.2019

Koordineringsmøte om marin forsøpling Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal

Vestlandsrådet arrangerer eit koordineringsmøte for deling av ny kunnskap om marin forsøpling 31. mars 2020 i Stavanger. Frivillige, næringslivet og det offentlege er invitert til å delta - Påmelding i lenka her. 


Publisert 16.08.2019

BAT-konklusjonar for handsaming av avfall frå industrien

Direktivet for industriutslepp er tatt inn i norsk rett og Fylkesmannen må vurdere om vilkåra i forureiningsløyvene må oppdaterast. Alle industriverksemder vil få brev med pålegg om innsending av BAT-informasjon (Best Available Techniques). Sjekklista i Excel-format og relevant informasjon finn du i dokumentlenkene.


Publisert 16.08.2019

Endra løyve til Ecofiber Recycling AS i Stavanger

Fylkesmannen har endra Ecofiber Recycling AS sitt løyve etter forureiningslova.


Publisert 17.07.2019

Endra løyve etter foureiningslova til Asco Norge AS i Risavika

Asco Norge AS sitt løyve etter forureiningslova er endra. Løyve gjeld mellombels å omfatta eigedomen gnr 10 bnr 243 i Sola kommune.

Endringa gjeld fram til og med 31.12.2019.


Publisert 12.07.2019

Løyve til SAR AS avd. Tananger for avfallslagring på Storøy i Karmøy kommune

SAR AS avd. Tananger er gitt løyve etter forureiningslova til lagring av farleg avfall i hall på Soltin AS sitt anlegg eigedomen 140/35 Storøy i Karmøy kommune.


Publisert 05.07.2019

Løyve til mottak av farleg avfall Svaaheia Avfall AS

Fylkesmannen har gitt Svaaheia Avfall AS løyve til mottak av 350m3 massar farleg avfall på tiltaksområde Jøssingfjord i Sokndal kommune.


Publisert 27.05.2019

Etterkunngjering av midlertidig løyve tidlegare Hogstad kompostering i Sandnes

IVAR IKS har fått løyve til å ta imot og lagre glas- og metallemballasje på det tidlegare komposteringsanlegget på Hogstad.  

Løyve gjeld i ein avgrensa periode.

Sjå løyve med vilkår i dokumentlenkene til denne nettsaka.


Publisert 29.04.2019

Løyve til Organisk Materielretur AS

Organisk Materielretur AS i Karmøy kommune har 23. april 2019 fått løyve etter forureiningslova til mottak, sortering, handsaming og lagring av plastavfall, tau og nøter på Storøy.