Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 15.11.2016

Endra løyve til plassering av West Epsilon

Westcon Yards AS i Ølsvågen, Vindafjord, har fått endra løyve til plassering av oppjekkbar rigg på sjøbotnen.


Publisert 14.11.2016

Etterhandskunngjering av endra utsleppsløyve for E05 Hundvågtunnelen, dagsone Buøy i Stavanger

Fylkesmannen har etter søknad endra vilkår i Statens vegvesen Region vest sitt utsleppsløyve for E05 Hundvågtunnelen. Endringa omfattar flytting av utsleppspunkt for reinsa driftsvann i anleggsfasen. Utsleppet skal flyttast frå Bangarvågen til Grasholmen.


Publisert 14.11.2016

Nytt løyve til IVAR reinseanlegg Nærbø i Hå

Fylkesmannen har gitt IVAR IKS nytt løyve etter forureiningslova til IVAR renseanlegg Nærbø. Løyve gjeld utslepp av reinsa avlaupsvatn tilsvarande 30 000 pe.


Publisert 14.10.2016

Westcon Yards AS, Ølsvågen, Vindafjord kommune – Tidsavgrensa løyve til plassering av oppjekkbar rigg på sjøbotnen

Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve etter forureiningslova til Westcon Yards AS til tidsavgrensa plassering av den oppjekkbare riggen «West Epsilon» på sjøbotnen innst i Ølsvågen. Løyvet gjeld fram til 1. november 2017.


Publisert 01.09.2016

Løyve til utfylling i sjø ved Eidsbotn

Karmsund Maritime Eide AS har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 68/14 Eidsbotn i Karmøy kommune.


Publisert 09.08.2016

Etterhandskunngjering av løyve til mudring og utfylling i Indre Galeivågen

Statens vegvesen Region vest har fått løyve til mudring og utfylling i sjø i indre Galeivågen, Stavanger kommune. Sjå søknad og løyve her.


Publisert 03.08.2016

Etterhandskunngjering av endra løyve til utfylling ved Fiskå i Strand

Fylkesmannen har endra vilkår i Fiskå Mølle AS sitt løyve til utfylling i sjø ved Fiskå i Strand kommune. Endringane er gjort på bakgrunn av støyklagar og endra metode for utfylling.


Publisert 07.07.2016

Løyve til mudring og utfylling i Ølen

Fylkesmannen har gitt Mittdistrikt Invest AS løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i sjø ved Osen gnr./bnr. 281/27 Ølen i Vindafjord kommune.


Publisert 24.06.2016

Rogaland Pelsdyrfôrlag SA har fått nytt løyve til produksjon av pelsdyrfôr

Fylkesmannen har gitt Rogaland Pelsdyrfôrlag SA nytt løyve etter forureiningslova. Løyvet gjeld produksjon av pelsdyrfôr ved prosessanlegget i Sirevåg i Hå kommune. Prosessavlaupet er kopla til offentleg avlaupsanlegg.


Publisert 22.06.2016

Etterhandskunngjering løyve til pelearbeid i sjø på Melingssiden i Tananger

Fylkesmannen har gitt Stavangerregionen Havnedrift AS løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø ved gnr. 4 bnr. 142 Melingssiden, Tananger i Sola kommune.