Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 12.09.2017

Løyve til utslepp av lensevatn i Indre Vågen

IVAR IKS har fått løyve til å sleppe ut lensevatn til Indre Vågen i Sandnes kommune. Utsleppet kjem i samband med opprydding i forureina grunn for bygging av ny pumpestasjon. Løyve er gitt på visse vilkår og gjeld i ei avgrensa tid.


Publisert 12.09.2017

Løyve til mudring og utfylling i sjø ved Nordalsbotn

Fylkesmannen har etter søknad gitt Statens vegvesen løyve til mudring og utfylling i sjø FV511 Bygnes - Søylebotn ved Nordalsbotn i Karmøy kommune.


Publisert 29.08.2017

Etterhandskunngjering endra løyve til Eigersund Næring og Havn KF til arbeid i sjø ved Holeviga

Fylkesmannen har endra løyve til graving og mudring av sjøbotn i Holeviga i Eigersund.


Publisert 18.07.2017

Etterkunngjering av løyve til utslepp av lensevatn i Spilderhaugvigå

Norsk Saneringsservice AS har fått løyve til å sleppe ut lensevatn til Spilderhaugvigå i Stavanger kommune.


Publisert 14.07.2017

Endra løyve til Sætra leirduebane

Fylkesmannen har etter søknad frå Lund jeger- og fiskeforening endra løyvet etter forureiningslova for drift av Sætra leirduebane lokalisert på eigedomen 44/1 Sætra i Lund kommune.


Publisert 06.07.2017

Løyve til utfylling i sjø ved Talgje kai

Fylkesmannen har etter søknad gitt Inga og Terje Østebø løyve til utfylling i sjø på eigedomane 43/1, 58 ved Talgje kai i Finnøy kommune.


Publisert 21.06.2017

Vedtak om endring av løyve for Mosvatnet reinseanlegg

Løyve til utslepp av reinsa avlaupsvatn frå Mosvatnet reinseanlegg i Suldal er endra. Endringa gjeld reduksjon av belastinga til anlegget frå 4 300 pe til 990 pe.


Publisert 29.05.2017

Løyve til utslepp i Gandsfjorden

Sandnes Tomteselskap KF har fått løyve til å sleppe ut lensevatn til Gandsfjorden i samband med bygging av nytt rådhus i Sandnes.


Publisert 12.05.2017

Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø i Tauvågen

Fylkesmannen har etter søknad endra vilkår i Strand vidergående skole avd Strand sitt løyve til arbeider i sjø på eigedomen 17/4, Tauvågen i Strand kommune. Løyve er overdratt til Vestlie AS som tiltakshavar.


Publisert 12.05.2017

Etterhandskunngjering løyve til utfylling i sjø ved Hovland i Eigersund kommune

Fylkesmannen har etter søknad gitt Bertelsen og Garpestad løyve til utfylling i sjø ved eigedommen 8/232, Hovland i Eigersund kommune.