Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 12.05.2017

Løyve til utslepp av lensevatn til Gandsfjorden

Sandnes Tomteselskap KF har fått løyve til utslepp av lensevatn ved bygging av nytt Sandnes rådhus.


Publisert 12.05.2017

Løyve til arbeider i sjø sør for Strømsbrua

Fylkesmannen har etter søknad gitt Rom Eiendom AS løyve til utfylling, peling og graving/mudring i sjø sør for Strømsbrua ved Paradis i Stavanger.


Publisert 11.05.2017

Endra løyve til Ragn Sells AS for farleg avfall av typen stykkgods

Ragn Sells AS avd Stavanger har fått endra løyve for farleg avfall av typen stykkgods. Endringa er gjort grunna innføring av kravet om finansiell sikring for verksemder som tek imot og mellomlagrar farleg avfall.


Publisert 11.05.2017

Endra løyve for Westco Miljø AS avd Sandnes

Westco Miljø AS har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på anlegget i Forusbeen 204 Stokka i Sandnes kommune. Endringa er grunna krav om finansiell sikring for verksemda.


Publisert 11.05.2017

Endra løyve for Ragn Sells AS avd Stavanger i Randaberg

Ragn Sells AS har fått endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall frå bygg- og riveprosjekt på anlegget i Randaberg kommune. Endringa er grunna krav om finansiell sikring av verksemda.


Publisert 28.04.2017

Løyve til mudring og peling i sjø ved Launes

Fylkesmannen har etter søknad gitt Bane Nor løyve til mudring og peling i sjø ved Launes 3, Eigersund kommune.


Publisert 21.04.2017

Endra løyve til Statens vegvesen region Vest – tildekking forureina sjøbotn Bangarvågen i Stavanger

Fylkesmannen har etter søknad endra løyvet til Statens vegvesen sitt tildekkingsarbeid i Bangarvågen.


Publisert 21.04.2017

Endra løyve til Statnett SF – anleggsarbeid i Suldal

Fylkesmannen har etter søknad endra løyvet til Statnett SF.


Publisert 06.04.2017

Nytt løyve til Nergård Karmøy AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Nergård Karmøy AS løyve til oppstart av nytt anlegg for produksjon av fiskemjøl og -olje på Husøy industriområde på Karmøy.


Publisert 17.03.2017

Avslag på søknad om utfylling i sjø ved Kuneset

Fylkesmannen har avslått søknad frå Åmøy Havn AS om utfylling i sjø ved Kuneset, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. Tiltaket som omsøkt vil gi direkte tap av deler av ei nasjonalt viktig ålegraseng av stor betydning for biologisk mangfald, samt risiko for spreiing av forureina sediment.