Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 01.09.2015

Løyve til mudring i Kvilldalsvika i Suldalsvatnet

Fylkesmannen har gitt Statnett SF løyve til mudring i Kvilldalsvika, Suldalsvatnet i Suldal kommune.


Publisert 13.07.2015

Søknad om utfylling i sjøen ved Båsen

Åmøy Havn AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Båsen, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 03.07.2015

Søknad utslepp av spylevatn/slam frå vassledning til Håelva

IVAR IKS har søkt om løyve etter forureiningslova til utslepp av spylevatn med slam til Håelva ved Grødem i Time kommune på eigendomen gnr/bnr 64/2. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn.


Publisert 30.06.2015

Nytt løyve etter forureiningslova til Langevatn vannbehandlingsanlegg

Langevatn vannbehandlingsanlegg i Gjesdal kommune har fått nytt løyve etter forureiningslova. Løyve gjeld utslepp av spylevatn til Edlandsvatnet.


Publisert 24.06.2015

Departementet seier ja til opphogging av oljeinstallasjonar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering for Vats- og Yrkesfjorden. - Me lyttar til kommunen sine ønske om å leggja til rette for arbeidsplassar og verdiskaping i Vindafjord, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. 


Publisert 18.06.2015

Søknad om løyve til utfylling i sjø ved Husøy

Karmsund Havnevesen IKS søkjer om løyve etter forureiningslova til arbeider i sjø ved Husøy, Karmøy kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 15.06.2015

Søknad om utfylling ved Strandanes i Suldalsvatnet

Statnett SF søkjer om løyve til utfylling ved Strandanes i Suldal kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 03.06.2015

Utfylling ved Helganes, Suldalsvatnet

Statens Vegvesen, Region Vest søkjer om løyve til utfylling ved Helganes i Suldal kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 03.06.2015

Mudring i Kvilldalsvika, Suldalsvatnet

Statnett SF søkjer om løyve til mudring i Kvilldalsvika i Suldal kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 02.06.2015

Løyve til arbeid i sjø ved Somaneset i Sandnes

Fylkesmannen har gitt Sandnes Havn KF løyve til utfylling og nedsetting av peler i sjø ved Somaneset, Luravika i Sandnes kommune.