Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 03.06.2015

Mudring i Kvilldalsvika, Suldalsvatnet

Statnett SF søkjer om løyve til mudring i Kvilldalsvika i Suldal kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 02.06.2015

Løyve til arbeid i sjø ved Somaneset i Sandnes

Fylkesmannen har gitt Sandnes Havn KF løyve til utfylling og nedsetting av peler i sjø ved Somaneset, Luravika i Sandnes kommune.


Publisert 11.05.2015

Nytt løyve til Hoff SA Jæren

HOFF SA Jæren er gitt løyve etter forureiningslova på visse vilkår til produksjon av potetmjøl, matpotet og skrelt potet med eit samla råstofforbruk på 19500 tonn poteter årelg. Tiltaket er lokalisert på i Klepp kommune med gateadresse Lalandsvegen 201.


Publisert 07.05.2015

Endra løyve til Stavanger Byggdrift KF

Fylkesmannen har etter søknad frå Stavanger Byggdrift KF endra løyvet av 04.03.2015 til sanering av kaianlegg/fylling i sjø på eigedomen gnr. 41 bnr. 70 Hafrsfjord, Stavanger kommune.


Publisert 07.05.2015

Endra løyve til Nedre Vågen 9 AS

Fylkesmannen har etter søknad frå Nedre Vågen 9 AS endra løyvet av 14.10.2014 til arbeider i sjø ved Galeivågen, Hundvåg i Stavanger kommune.


Publisert 27.04.2015

Nytt løyve til gjenvinning av betongavfall til Velde Industri AS

Fylkesmannen har gitt løyve etter forureiningslova til Velde Industri AS til årleg mottak, mellomlagring og gjenvinning av inntil 100 000 tonn avfall av betong og tegl. Tidlegare løyve til drift av pukkverk vert samstundes erstatta.


Publisert 21.04.2015

Løyve til utfylling i sjø Fiskå Mølle AS

Fiskå Mølle AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Fiskå i Strand kommune. Høyringsfristen er 4 veker.


Publisert 31.03.2015

Endra løyve til Karmsund Havnevesen IKS

Fylkesmannen har etter søknad fra Karmsund Havnevesen IKS endra løyvet av 24.02.2015 til arbeider i sjø ved Garpaskjær, Haugesund kommune.


Publisert 31.03.2015

Endra løyve til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS

Fylkesmannen har etter søknad frå Indre Vågen Utbyggingsselskap AS endra løyvet av 12.05.2014 til arbeider i sjø ved Indre Vågen, Sandnes kommune.


Publisert 18.03.2015

Sandnes Indre Havn Infrastruktur AS søker løyve til arbeid i sjø

I samband med utbygging av Havneparken, skal kaianlegg i gjestehavna i Sandnes oppgraderast.