Omsyn og ansvar i planlegginga

Oppdatert 3. juni kl. 13:30

Her kan du lese om viktige samfunnsinteresser, om korleis planlegging blir gjort på ulike forvaltningsnivå og finne viktige omgrep i planarbeidet, som motsegn og mekling.

Kva blir rekna som viktige samfunnsinteresser?

Statlege og regionale myndigheiter har ansvar for at viktige samfunnsinteresser blir varetatt i arealplanlegginga. Du kan lese om slike viktige samfunnsinteresser hos regjeringa.no: 

Planlegging på fleire forvaltningsnivå

Kommunen skal lage ein kommuneplan med ein samfunnsdel og ein arealdel. I tillegg skal kommunen utarbeide ein kommunal planstrategi. Kommunen sender planane til Statsforvaltaren både ved oppstart og etter første behandling (høyring og offentleg ettersyn).

Regjeringa.no har eigne sider om planlegging etter plan- og bygningslova: Planlegging (regjeringen.no)

Fylkeskommunen er regional planmyndigheit. På regionalt nivå er det tre planverktøy til bruk for fylkeskommunane og kommunane:

  • Regional planstrategi
  • Regional plan
  • Interkommunalt plansamarbeid

I tillegg skal fylkeskommunane opprette eit regionalt planforum for å bidra til samordning og samarbeid i kommunale og regionale planprosessar.

Kommunal- og distriksdepartementet har rettleiingsmateriale for regional planlegging: Regionale planoppgaver - regjeringen.no

Statsforvaltaren deltar aktivt i regionalt og kommunalt planarbeid for å vareta nasjonale, viktige regionale og statlege interesser.

Vi

  • tar utgangspunkt i regionale planar i eiga verksemd
  • gir råd og rettleiing til fylkeskommunen og kommunane undervegs i planprosessen
  • samordnar statlege motsegner til kommunale arealplanar

Vi har ikkje motsegnsrett til regionale planar, men kan krevje at saka blir lagt fram for Kommunal- og distiktsdepartementet dersom planen får direkte følgjer for nasjonale eller viktige regionale interesser.

Verkemiddel

Kommunen har ei avgjerande rolle i å realisere ei berekraftig samfunns- og arealutvikling. Det er anslått at rundt to tredjedelar av FNs 169 delmål ikkje kan nåast utan innsats fra lokalt og regionalt nivå. Kommunane fungerer som bindeledd mellom innbyggarane og dei globale måla, og har ansvar for å omsette Agenda 2030 til lokal verkelegheit: 2030-agendaen med berekraftsmåla regjeringa.no).

Kommunane må legge berekraftsmåla til grunn for arealbruk, samfunnsplanlegging, tenester og samarbeid.

Kommunane skal bygge berekraftige byar og lokalsamfunn, stoppe klimaendringane og sørge for god helse og livskvalitet for innbyggarane.  

Hovudregelen er at utbygging skal skje etter rammene i ein kommunal plan. Tiltaket må også vere i samsvar med lov og forskrifter. Ein tiltakshavar kan søke kommunen om dispensasjon for å få unntak frå dette.

Dersom kommunen ønskjer å gi dispensasjon, må saka sendast til Statsforvaltaren. Vi vurderer dispensasjonen og gir tilbakemelding til kommunen. Dersom kommunen vel å gi dispensasjon sjølv om vi er imot, kan vi klage på vedtaket. Då blir saka behandla som ein klagesak hos eit anna statsforvaltarembete (setjestatsforvaltar). Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som oppnemner setjestatsforvaltar. 

For at det skal kunne givast dispensasjon, må vilkåra for å gi dispensasjon vere oppfylte. Krava for å gi dispensasjon er at omsyna den gjeldande planen skal vareta, ikkje blir sette til side, og at fordelane for samfunnet er større enn ulempene ved å gi dispensasjon. Dette er rettsanvending og ikkje underlagt lokalpolitisk skjønn. Når vilkåra er oppfylte, kan kommunen gi dispensasjon – ingen har krav på å få dispensasjon. Kommunane bør vurdere om vilkåra for å gi dispensasjon er til stades før dei sender saka til oss for uttale.

Statlege og regionale organ, i tillegg til berørte nabokommunar, kan fremje motsegn til kommunale planar som er i konflikt med nasjonale eller regionale interesser. Motsegner må sendast inn medan planen er på høyring.

Dersom partane ikkje klarer å bli samde om motsegna eller motsegnene, kan kommunen be Statsforvaltaren om å kalle partane inn til eit meklingsmøte.

Dersom usemjene ikkje blir løyste i møtet, må saka sendast til Kommunal- og distriktsdepartementet, som er øvste planstyresmakt i Noreg. Departementet avgjer saka.

Når kan kommunen be om mekling?
 I tråd med retningslinjene for motsegner (rundskriv H-2/14 frå Kommunal- og distriktsdepartementet) blir mekling som hovudregel gjennomført først når det ligg føre eit politisk behandla planforslag, det vil seie eit forslag behandla av planutvalet i kommunen. Det følgjer av § 5-6 at meklinga normalt skal gjennomførast før kommunestyret gjer planvedtaket. Berre unntaksvis bør mekling skje etter at kommunestyrevedtaket er gjort.

Kva skal kommunen sende til Statsforvaltaren?
 Det må liggje føre ei skriftleg førespurnad frå kommunen før mekling blir fastsett. I den samanhengen må kommunen sende inn:

  • Vedtak der kommunestyret/planutvalet ber om mekling
  • Oversendingsbrev som gjer greie for saka og saksgangen
  • Planomtalen
  • Føresegner
  • Kart
  • Motsegnene
  • Kommunen sitt svar på motsegnene
  • Kontaktperson hos kommunen

Samordninga skal

  • sikre at statlege motsegner er godt grunngjevne og samordna
  • fremje effektiv og målretta behandling av plansaker
  • styrke samarbeidet mellom kommunane og statlege myndigheiter
  • unngå unødvendige konfliktar og fremje dialog

Her møter statlege, regionale og kommunale aktørar kvarandre for å samordne interesser i planarbeidet. 

Finn kontaktperson for plansaker

Statsforvaltaren arbeider for å gi kommunane tidleg og tydeleg informasjon om nasjonale og viktige regionale interesser i planarbeidet. Sakene vert fordelte kommunevis mellom sakshandsamarane, som samarbeider på tvers av fagområde for å sikre samordna uttalar som tek vare på heile embetet sitt ansvar.

Sjå lista over kontaktpersoner her:

Bjerkreim, Strand, Suldal, Tysvær:

Ida Eline Skålnes
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Eigersund, Haugesund:

Randi Lind
seniorrådgiver/jurist, Statsforvaltaren i Rogaland

Bokn, Gjesdal, Hjelmeland, Karmøy, Kvitsøy, Lund, Utsira: 

Tina Eltervåg
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Klepp, Randaberg, Sandnes, Time:

Erlend Jacobsen Høgestøl
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Hå, Sokndal, Stavanger:

Beate Solberg Ohnstad
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Sauda, Sola, Vindafjord:

Ragnhild Askeland
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Bjerkreim, Bokn, Hå, Randaberg, Strand, Stavanger, Vindafjord: 

Rune Lian
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland

Gjesdal, Haugesund, Klepp, Kvitsøy, Sola, Tysvær, Utsira:

Jorunn Grønås
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Hjelmeland, Sandnes, Sauda, Suldal, Time:

Helene Medhus Skedsmo
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Eigersund, Karmøy, Lund, Sokndal:

Aurora Skimmeland
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Sammfunnstryggleik:

Elisabeth Groven
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland
Tonje Fjermestad Aase
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland

Kartverk og GIS:

James Stott
gis-koordinator, Statsforvaltaren i Rogaland

Klima:

Beate Solberg Ohnstad
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Folkehelse:

Ellen Aarre
seniorrådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland

Utdanning: 

Thomas Wegner Thomassen
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland

 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Unngå å skrive inn personleg informasjon. Meldinga di blir berre lesen av tilsette som jobbar med nettstaden. Vi har ikkje høve til å svare deg her.

Du har 400 teikn igjen.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.