Elevens rett
Det er elevens eiga oppleving av skulemiljøet som avgjer om skulen oppfyller retten til eit trygt og godt skulemiljø. Denne retten gjeld både i undervisningstida, på skulefritidsordninga (SFO) og under leksehjelp.
Er du elev eller føresett?Aktivitetsplikta til skulen
Plikta omfattar å
- følgje med på korleis elevane har det
- gripe inn mot krenkande åtferd
- melde frå til rektor ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det bra på skulen
- undersøkje saka og korleis eleven har det
- rette opp situasjonen med høvelege tiltak
Slik jobbar Statsforvaltaren
Vi vurderer saka
Elev eller føresette kan ta kontakt med oss dersom dei opplever at skulen ikkje oppfyller tiltakssplikta. Saka må ha vore varsla til rektor minst ei veke før.
Vi tek kontakt med skulen og vurderer om skulen har oppfylt plikta til å setje inn eigna tiltak. Skulen skal òg ha laga ein skriftleg plan for eleven.
Enkeltvedtak
Opplæringslova § 12-6 fjerde avsnitt gir statsforvaltaren heimel til å gripe inn dersom skolen ikkje oppfyller plikta til å setje inn eigna tiltak etter § 12-4 andre ledd eller til å lage ein skriftleg plan etter § 12-4 tredje ledd. I slike tilfelle kan Statsforvaltaren påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet.
Dersom saka elles vil bli unødig forseinka, eller det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje vil rette forholdet, kan statsforvaltaren i staden gjere vedtak om kva tiltak skolen skal gjennomføre for å sikre at eleven får eit trygt og godt skulemiljø.
Dette inneber at statsforvaltaren som hovudregel skal gi pålegg om retting, og berre unntaksvis fastsetje konkrete tiltak.
Oppfølging
Vi følgjer opp, rettleiar og kontrollerer at skulen gjennomfører tiltaka. Dette kan skje gjennom møte, samtalar eller brev.
God dialog mellom alle partar er avgjerende for å lukkast.
Dersom skulen/skuleeigar ikkje følger opp, kan vi ilegge tvangsmulkt.
Avslutning av saka
Vi avsluttar saka når skulen har gjennomført pålegga i vedtaket.
Kva betyr retten til eit trygt og godt skulemiljø?
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Denne retten handlar om meir enn å unngå mobbing, vald eller krenkingar. Det avgjerande er elevens eiga oppleving: Dersom ein elev ikkje opplever skulekvardagen som trygg og god, skal skulen ta det på alvor og følgje opp.
Skulen si aktivitetsplikt gjeld uavhengig av kva som er grunnen til at ein elev ikkje opplever det som trygt og godt. Skulen skal følgje med, gripe inn, varsle, undersøkje og setje inn tiltak når ein elev seier ifrå – eller når det er mistanke om at noko ikkje er bra.
Det er ikkje eit krav at det ligg føre mobbing eller andre alvorlege hendingar for at aktivitetsplikta skal gjelde. Også forhold som manglande tilrettelegging, dårleg klassemiljø eller lite støtte frå vaksne kan utløyse plikta til å handle.
I arbeidet med skulemiljøet er det elevens subjektive oppleving som står sentralt. Det betyr at skulen ikkje kan avvise ei sak fordi dei sjølve vurderer situasjonen annleis. Dersom ein elev opplever skulekvardagen som utrygg eller belastande, skal skulen undersøkje saka og setje inn eigna tiltak.
Dette stiller krav til at skulen lyttar til eleven og involverer eleven i arbeidet med å finne gode løysingar.
Når skulen set inn tiltak, må dei vere eigna til å betre situasjonen for den aktuelle eleven. Tiltaka må tilpassast årsaka til at eleven ikkje har det bra. Det kan til dømes vere:
- betre tilrettelegging av opplæringa
- oppfølging av relasjonar mellom elev og lærar
- tiltak i klassemiljøet
- struktur og føreseielegheit i skulekvardagen
Tiltaka skal evaluerast og justerast dersom dei ikkje har ønskt effekt.
Elevar over 15 år har sjølvråderett i sakar knytta til utdanning.
Føresette eller andre kan berre melde på vegne av eleven dersom dei har fått fullmakt.
For elevar over 18 år er det elevens eigne rettar som gjeld fullt ut. Det betyr at det som hovudregel er eleven sjølv som må melde saka dersom skulemiljøet ikkje blir opplevd som trygt og godt.
Føresette eller andre kan berre melde på vegner av eleven dersom dei har fått fullmakt. Skulen og statsforvaltaren må forhalde seg til eleven direkte, og eleven skal sjølv involverast i oppfølginga av saka.
Kontakt oss
Unngå å sende sensitive opplysningar til oss via e-post. Vi oppmodar deg til å sende oss elektronisk brev gjennom kommunen/skulen sitt saksbehandlingssystem viss det gjeld einskilde elevar eller saker. Alternativt kan de nytte skjemaet "Melding til Statsforvaltaren". Dersom meldinga gjeld ei sak som allereie er til behandling hos oss, ber vi deg oppgi saksnummer.
For generelle førespurnadar om regelverket kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon om einskilde elevar eller saker via e-post. E-postadresse: sfvlpost@statsforvalteren.no
Viss du treng å snakke med oss, kan du ringe:
Telefonnummer
909 15 045
Telefontider
Kontakttelefonen for skulemiljøsaker har telefontid måndag 10:00-12:30, og tirsdag til fredag 10.00–14.00.
For spørsmål som gjeld andre saksområde enn skulemiljø, kan du ringje sentralbordet vårt på telefon 57 64 30 00.