Kven har rett til samisk opplæring?
Alle samiske elevar har rett til opplæring i samisk, uavhengig av kvar i Noreg dei bur. Elevar som bur i kommunar som er definerte som språkutviklings- eller språkvitaliseringskommunar etter samelova, har i tillegg rett til opplæring i og på samisk.
Det er skuleeigaren, oftast kommunen eller fylkeskommunen, som har ansvar for å sørgje for at desse rettane blir oppfylte.
Elevane kan sjølve velje kva for samisk språk dei vil ha opplæring i: nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk. Opplæringa følgjer læreplanverket Kunnskapsløftet – Samisk: Utdanningsdirektoratet.no | lærerplanverket for Kunnskapsløftet 2020 samisk.
Dersom skulen ikkje har ein lærar som kan undervise i samisk, må skuleeigaren tilby andre løysingar, til dømes fjernundervisning.
Rettar og plikter knytte til samisk opplæring er fastsette i opplæringslova §§ 3‑2 og 6‑2.
Søk om tilskot til opplæring i samisk i grunnskulen
Gå til udir.no:
Samisk i barnehage
I samiske distrikt har samiske barn rett til eit barnehagetilbod som byggjer på samisk språk og samisk kultur. Dette følgjer av barnehagelova og rammeplanen for barnehagar.
Kommunen har ansvar for at barnehagetilbodet legg til rette for at barna kan bevare, bruke og utvikle samisk språk og kultur i kvardagen. I praksis inneber dette at samisk språk skal vere ein naturleg del av barnehagekvardagen, og at samiske tradisjonar, levesett og verdiar blir integrerte i innhaldet.
I samiske barnehagar og samiske avdelingar er samisk hovudspråk. Barna skal få moglegheit til å leike, lære og uttrykkje seg på samisk, og barnehagen skal styrkje barna si samiske identitet. Dette føreset at personalet har samisk språkkompetanse og god kjennskap til samisk kultur og samfunnsliv.
Det er kommunen, som lokal barnehagemyndigheit, som har det overordna ansvaret for at rettane til samiske barn blir oppfylte i samiske distrikt.
Samiske barn har rettar i barnehagen uavhengig av kvar i landet dei bur. Også utanfor samiske distrikt har kommunen ansvar for å leggje til rette for at samiske barn kan sikre og utvikle språket sitt og kulturen sin.
Dette betyr at barnehagar som har samiske barn, skal ta omsyn til barna sin samiske bakgrunn. Barna skal få støtte til å bruke og bli kjende med samisk språk, kultur og tradisjonar, sjølv om barnehagen ikkje er ein samisk barnehage.
Barnehagen skal synleggjere samisk kultur som ein del av fellesskapet, til dømes gjennom språkstimulering, markering av samiske dagar og arbeid med samiske tema i kvardagen. Samtidig er det opp til foreldre og føresette om dei ønskjer å informere barnehagen om barna sin samiske bakgrunn.
Kommunen har ansvar for å informere om rettane til samiske barn, ha oversikt over barnehagar med samiske barn og sørgje for at barnehagetilbodet er i tråd med regelverket.
Skuleeigar skal
- sørge for at retten til opplæring i samisk blir oppfylt
- tilretteleggje for undervisning i det språket eleven vel
- sikre at skulen har rutinar for å informere elevar og føresette om rettane deira
Ansvar for samisk fjernundervisning
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har koordineringsansvar for nordsamisk fjernundervisning, og Statsforvalteren i Nordland koordinerer lulesamisk og sørsamisk fjernundervisning.