Kommunens rolle i klagesaker om gravplassar
Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak det er mogleg å klage på etter gravplasslova, gravplassforskrifta og lokale gravplassvedtekter.
Klager på enkeltvedtak blir sende til den lokale gravplassmyndigheita som har behandla saka. Den lokale gravplassmyndigheita vurderer klagen først. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir saka send vidare til endeleg behandling hos Statsforvaltaren.
Gravplassmyndigheita har plikt til å:
Gravplassmyndigeita skal gå gjennom klagen, vurdere saka på nytt og avgjere om vedtaket skal endrast eller oppretthaldast.
Om gravplassmyndigheita vurderer å endre eller oppheve vedtaket, skal reglane om enkeltvedtak følgast på nytt. Blant anna vil det som oftast vere nødvendig å førehandsvarsle ein eventuell motpart som ikkje ønskjer at det første vedtaket skal endrast eller opphevast.
Dersom klagen av formelle grunnar ikke kan behandlast, skal saka avvisast.
Gravplassmyndigheita vurderer argumenta til klagaren grundig. Send saka vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd dersom gravplassmyndigheita vel å oppretthalde sitt vedtak.
Gravplassmyndigheita kan velje å skrive ei fråsegn om saka til Statsforvaltaren. Partane i saka skal normalt få fråsegna i kopi.
Gravplassmyndigheita har eit ansvar for at saka er tilstrekkeleg opplyst før ho blir sendt til Statsforvaltaren.
Lokal gravplassmyndigheit skal
- rettleie innbyggjarane om klageretten
- forklare korleis ein kan klage
- opplyse om eventuelle unntak
- sørgje for at klagefristar og formkrav blir følgde
Når Statsforvaltaren har gjort eit vedtak i klagesaka, er det lokal gravplassmyndigheit som må gjennomføre vedtaket og følgje opp endringar i tildeling av grav, gravminne, feste med meir.
Av og til inneber vedtaket at gravplassmyndigheita får saka tilbake for heilt eller delvis ny behandling.
Klagesakene etter gravplasslova inneheld ofte teiepliktige opplysingar.
Gravplassmyndigheita må behandle desse opplysingane i tråd med reglane om teieplikt. Dette gjeld mellom anna når gravplassmyndigheita sjølv sender dokument med slike opplysingar til Statsforvaltaren eller legg opp til at partane skal sende brev med slike opplysingar, og når partane får innsyn i slike opplysingar.
Kort oppsummert
Gravplassmyndigheita har tre hovudroller i klagearbeidet:
- Vurdere klagen først og eventuelt endre eller oppheve vedtaket. Saka skal avvisast om dei formelle vilkåra for å behandle klagen ikkje ligg føre.
- Førebu og sende saka til Statsforvaltaren når vedtaket blir oppretthalde.
- Følge opp vedtaket til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er nasjonal gravplassmyndigheit og tek hand om gravplassforvaltninga over heile landet.
Dersom meldinga har sensitiv informasjon, ber vi deg bruke Send melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren (altinn.no)
Generelle spørsmål sender du til sfvtpost@statsforvalteren.no
Du kan også sende brev til
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Postboks 2076
3103 Tønsberg
Telefon: 33 37 10 11
Telefontid: Mandag–fredag kl. 08.00–14.30
Lunsjpause: Kl. 11.00–12.00