Kommunen kan få skjønsmidlar til
- spesielle lokale kostnadskrevjande forhold i kommunen som ikkje er dekte av andre inntekter, og når kommunen er i økonomisk ubalanse (ordinære skjønsmidlar)
- uføresette og ekstraordinære utgifter som oppstår i kommunen i løpet av året (restskjøn)
- prosjekt som gir utvikling og innovasjon (prosjektskjønn)
Statsforvaltaren tildeler skjønsmidlane i dialog med og ut frå kjennskap til forholda i kommunen, og ofte etter søknad.
Statsforvaltaren fordeler skjønsmidlane etter ei heilskapleg vurdering av kommunens økonomi og behov. Utgiftskrevjande forhold som kommunen ikkje kan påverke sjølv er med i denne vurderinga. Fordelinga til satsforvaltarane av dei ordinære skjønsmidlane blir kunngjort i framlegget til statsbudsjettet.
Delar av dei ordinære skjønsmidlane kan bli haldne att, og fordelt i løpet av året.
Statsforvaltaren held tilbake noko av skjønsmidlane. Dette kallar vi restskjøn, og vert fordelt til kommunane i løpet av året. Uføresette og ekstraordinære hendingar, til dømes naturskade, kan gi kommunen betydelege utgifter. Då kan kommunen søke om restskjøn, etter dialog med Statsforvaltaren.
Ved ekstra store uføresette utgifter, meir enn 350 kroner per innbyggar, kan kommunen søke om å få kompensasjon fra Kommunal- og distriktsdepartementet. Kommunen må sende søknaden til Statsforvaltaren, som vurderer han før han vert sendt vidare til departementet.
Ein del av skjønsmidlane blir kalla for prosjektskjøn. Midlane går til utvikling og innovasjon i kommunen, og det er berre kommunar som kan søkje om prosjektskjøn.
Prosjekt med overføringsverdi til andre kommunar blir prioriterte. Statsforvaltarane har ulike fristar og regionale prioriteringar.
Innvilga søknader og gjennomførde prosjekt frå heile landet er samla i databasen Prosjektskjønn (statsforvalteren.no)
- næringsutviklingsprosjekt
- støtte til ordinær drift
- gjennomgang av kommunal organisering
- reine investeringsprosjekt
Skjønnsmidlar til fornying og innovasjon for 2027
Søknadsperioden for prosjektmidlar til fornying og innovasjon for 2027 er frå 31. august til og med 2. november 2026.