Kommuneøkonomi

Oppdatert 18.11.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 20.11.2023

Kostra-rapportering for 2023

Kommunane, kommunale føretak og interkommunale selskap/samarbeid skal rapportere årsrekneskapet sitt i elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB). Sjå fristar her. 


Publisert 08.11.2023

Fylkesløft (prosjektskjønn) tildeling 2024

Målet med Fylkesløft er å gi kommunane støtte til fornyings- og utviklingsprosjekt. Ein del av skjønnsramma skal gå til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. I Møre og Romsdal kallar vi prosjektskjønn for Fylkesløft.


Publisert 06.10.2023

Fylkesvis skjønnsramme for 2024 - Møre og Romsdal

Kvart år tildeler Statsforvaltaren skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2024 skal 51,6 millionar fordelast.


Publisert 02.08.2023

Utviklinga i kommuneøkonomien 2022

Statsforvaltarens årlege rapport «Utviklinga i kommuneøkonomien» er no klar. Rapporten gir ei oversikt over den økonomiske tilstanden i kommunane i Møre og Romsdal.


Publisert 14.06.2023

Vestnes kommune meldt ut av ROBEK

Vestnes kommune er meldt ut frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2022 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.


Publisert 19.05.2023

Revidert nasjonalbudsjett 2023 og kommuneproposisjonen 2024

Torsdag 11. mai la regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2023 og kommuneproposisjonen for 2024. Regjeringa presenterer her reviderte anslag for kommunesektoren i inneverande år og det økonomiske opplegget for det kommande året.


Publisert 14.04.2023

Skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn for 2024

Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2024 innan 1. juni.


Publisert 13.03.2023

Stranda kommune meldt inn i ROBEK

Stranda kommune vert underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. 


Publisert 13.03.2023

Opphevar Stranda kommune sitt budsjett og økonomiplan

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal konkluderer med at Stranda kommune har gjort eit ulovleg vedtak om budsjett og økonomiplan. Vedtaket vert derfor oppheva.


Publisert 04.11.2022

Siste fordeling av skjønnsmidlar - 2022

No er dei resterande 25,8 millionane av skjønnsmidlar til kommunane i fylket fordelt.