Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 29.08.2023

Ny tillatelse til Norscrap Karmøy AS etter forurensingsloven

Statsforvalteren gir ny fast tillatelse til mottak og håndtering av inntil 20 000 tonn skrapmetall på anlegget til Norscrap Karmøy AS i Sundvegen, Karmøy kommune. Tillatelsen stiller også krav til støyreduserende tiltak.


Publisert 10.08.2023

Korleis ta hand om døde fuglar i område med fugleinfluensa

Når kommunen har samla opp døde fuglar eller tatt imot døde fuglar frå private hushald er fuglane å rekne som avfall. Kommunen har plikt til å handtere dei innsamla døde fuglane.


Publisert 11.07.2023

Overføring av løyve til Geminor AS Karmøy

Statsforvalteren i Rogaland har gjort vedtak om overføring av løyve etter forureiningslova frå Haugaland Bioenergi AS til Geminor AS. Løyve gjeld mottak, behandling og lagring av hageavfall ved Geminor AS sitt anlegg på Storøy i Karmøy kommune.


Publisert 05.07.2023

Avslag på søknad om utvida driftstid - Stena Recycling AS avd Torvastad

Statsforvaltaren har avslått søknad frå Stena Recycling AS avd Torvastad om utvida driftstid til båtlasting på Bøneset, Karmøy kommune. Avslag er gitt på grunn av støybelastning.


Publisert 28.06.2023

Etterkunngjering av endra løyve til Westco Miljø AS

Statsforvalteren i Rogaland har gitt Westco Miljø AS avd. Sandnes midlertidig endring i løyve etter forurensingslova. Endringa gjeld løyve til mottak og omemballering av batteri og lyskilder på avfallsanlegget på Forus.


Publisert 19.04.2023

Nytt løyve til SAR AS avd Tananger i Oljevegen 5

SAR AS avd Tananger har fått nytt løyve etter forureiningslova til avfallshandsaming i Oljevegen 5, Risavika, i Sola kommune. Løyvet er i tråd med Industriutsleppsdirektivet (IED) og tilhøyrande BAT-konklusjonar.


Publisert 22.03.2023

Nye krav til kildesortering av avfall

Kommuner og virksomheter skal tilrettelegge for kildesortering av matavfall, park- og hageavfall, og plastavfall fra og med 2023. Dette følger av nytt kapittel 10a i avfallsforskriften. 


Publisert 17.03.2023

Statsforvalteren gir Miljøfôr Norge AS på Karmøy tillatelse med nærmere fastsatt vilkår.

Anlegget tar imot matavfall og produserer biosubstrat på Torvastad i Karmøy. Tillatelsen er gitt etter forurensingsloven, med vilkår om å begrense utslipp av lukt.


Publisert 21.02.2023

Hove Bildeler AS har fått tillatelse til å behandle kasserte kjøretøy

Det er gitt tillatelse på visse vilkår til behandling av kasserte kjøretøy etter forurensingsloven og avfallsforskriften. Anlegget er plassert i Rekeland industriområde i Sokndal kommune.


Publisert 13.01.2023

Midlertidig endring av tillatelse

Geminor AS på Storøy i Karmøy, er gitt midlertidig tillatelse til kverning av avfallsbeholdere fram til 01.04.2023.