Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 05.03.2018

Løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø ved Risavika i Sola

Norsea Ekofiskvegen AS er gitt løyve til arbeid i sjø i samband med vedlikehald og utbetring av kaianlegget ved Risavika.


Publisert 02.03.2018

Løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø ved nordre Luravika i Sandnes

Fylkesmannen har etter søknad, gitt Sandnes kommune løyve til utfylling i sjø i samband med etablering av ei badestrand ved Luravika.


Publisert 28.02.2018

Etterkunngjering av endra løyve til arbeid i sjø ved Gjellestadvika

Fylkesmannen har etter søknad endra løyve til Aker Solutions AS for arbeid i sjø ved Gjellestadvika i Eigersund kommune. Endringa omfattar plassering av tiltaket og tidsavgrensing av sprenging i sjø.


Publisert 13.02.2018

Etterhandskunngjering av løyve til Ineo Eiendom AS

Fylkesmannen har gitt løyve til utslepp av lensevatn frå byggegrop med forureina grunn på eigedom 111/253 felt A6/A7 ved Havneparken, Indre Vågen i Sandnes kommune.


Publisert 09.02.2018

Løyve til arbeid i sjø ved Vorravågen i Karmøy

Fylkesmannen har etter søknad, gitt Karmøy Winch AS løyve til sprenging og mudring i sjø for å utbetre leia mellom Lille Lyngholm og Kattholskjer ved å utdjupe grunnen.


Publisert 09.02.2018

Overføring og endring av løyve til utfylling Lervig Brygge AS i Stavanger

Fylkesmannen har etter søknad, overført løyve som var gitt Statens vegvesen Region vest til Lervig Brygge AS. I tillegg er enkelte vilkår i løyve endra.


Publisert 06.02.2018

Etterkunngjering endra løyve utslepp lensevatn Indre Vågen i Sandnes kommune

IVAR IKS sitt løyve til utslepp av lensevatn til Indre Vågen i Sandnes kommune, er endra. Endringa gjeld auke i tid utsleppet kan skje.


Publisert 05.02.2018

Løyve til utslepp av reinsa vatn frå driving av Rogfast E13 sidetunnel Arsvågen i Bokn kommune

Fylkesmannen har etter søknad gitt Statens vegvesen Region vest eit løyve til utslepp av reinsa vatn frå driving av Rogfast E13.


Publisert 02.02.2018

Løyve forureiningslova til arbeid i sjø ved indre Jørpelandsvågen

Fylkeslkesmannen har etter søknad gitt Strand kommune løyve til arbeid i sjø ved rivning av ein eldre kai ved indre Jørpelandsvågen.


Publisert 08.01.2018

Løyve etter forureiningslova til utfylling og peling i sjø ved Gunnarshaug

Fylkesmannen har etter søknad gitt Marine Aluminium Industrier AS løyve til utfylling og peling i sjø for to nye industrikaier ved Gunnarshaug i Karmøy kommune.