Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Publisert 03.01.2018

Nytt elektronisk skjema for varsling av utslepp

Varsling av planlagt og akutt utslepp av avløpsvatn frå avløpsanlegg kan no gjerast elektronisk. Skjema er lagt tilgjengeleg på nettsida www.fylkesmannen.no.


Publisert 28.12.2017

Løyve etter forureiningslova til utfyllingar i sjø ved Knarholmen fiskerihavn

Fylkesmannen har etter søknad gitt Knarholmen AS og Bekkarvik AS løyve til utfyllingar i sjø ved Knarholmen fiskerihavn i Bokn kommune.


Publisert 12.12.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Eigersund Næring og Hamn KF

Eigersund Næring og Hamn KF er gitt løyve til arbeid i sjø ved eigedommen 8/277 Holeviga i Eigersund kommune.


Publisert 29.11.2017

Avgjerd i klagesak om løyve til Nergård Karmøy AS på Husøy

Miljødirektoratet endrar Fylkesmannen sitt vedtak av 03.04.2017 om løyve etter forureiningslova til Nergård Karmøy AS for produksjon av fiskemjøl og fiskeolje på industriområdet Husøy. Verksemda er gitt medhald i klagen på fastsett grense for luktutslepp, men får ikkje medhald i klagen på fastsette grenser for utslepp av prosessvatn til sjøen.


Publisert 28.11.2017

Etterkunngjering av endra produksjonsramme for Norsk Stein AS i Suldal

Fylkesmannen har etter søknad endra Norsk Stein AS sitt løyve etter forureiningslova (løyvenr. 2012.247.T). Vedtaket inneber at verksemda får auka produksjonsramma frå 10 mill. tonn til 12 mill. tonn per år.


Publisert 22.11.2017

Etterkunngjering av endra løyve til Geminor AS på Karmøy

Geminor AS har fått endra løyve for anlegget i Storøyvegen 75 - 80 på Steinsøy i Karmøy kommune


Publisert 16.11.2017

Løyve etter forureiningslova til Norpri AS Kviamarka i Hå kommune

Fylkesmannen har gitt Norpri AS løyve til drift av anlegg for nedskjering og stykking av kjøtt i Næringsveien 27 på Kviamarka i Hå kommune.


Publisert 09.11.2017

Etterhandskunngjering av endre løyve til Strand Båtsenter AS

Strand Båtsenter AS eigedomen 49/675 i Strand kommune har fått endra vilkår 3 i tidlegare løyve som gjelde krav til mildnande tiltak. Grunna redusert rørt areal, er det sett krav om bruk av fiberduk for å hindra spreiing av forureina sediment.


Publisert 08.11.2017

Etterhandskunngjering av løyve til peling i sjø ved Melingsund moloen i Tananger

Fylkesmannen har gitt Stavangerregionen Havn IKS løyve til peling i sjø på eigedomen 3/1279 Melingsund moloen, Tananger i Sola kommune.


Publisert 08.11.2017

Etterhandskunngjering av endra løyve til Hermod Teigen AS avd Egersund

Verksemda i Eigersund kommune har fått endra løyve, årleg mottak er auka frå 30 000 tonn/år til 40 000 tonn/år.