Kunngjering etter forureiningslova
Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta.
Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert.
Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Solund kommune
Sulefisk AS har 17. august 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Juvika. Løyvet gjeld for ein produksjon av fisk på 2340 tonn MTB, med ein auka arealbruk samanlikna med tidlegare.
Publisert 05.07.2021
Kunngjering – løyve til opprydding av forureina grunn på nedlagt skytebane i Kinn kommune
Kinn kommune har fått løyve etter forureiningslova til å grave i forureina grunn ved nedlagt skytebane ved Litlevatnet.
Publisert 02.07.2021
Kunngjering - Løyve til forureining til Bergen Rideklubb
Bergen Rideklubb på Sletteneset i Bergen kommune har 30. juni 2021 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg for kompostering av hestegjødsel.
Publisert 29.06.2021
Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Fitjar kommune
Engesund Fiskeoppdrett AS har 28. juni 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Dyrholmen Vest.
Publisert 17.06.2021
Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Bømlo kommune
Bremnes Seashore AS, AS Bolaks og Austevoll Melaks AS har 16. juni 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Holevik. Anlegget skal utvidast i areal, og verksemdene har fått oppdaterte løyve etter dagens standard.
Publisert 15.06.2021
Kunngjering – Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Austevoll kommune
Austevoll Rensefisk AS fekk 1. juni 2021 endra løyve etter forureiningslova til å utvide biomasseproduksjonen, og også produsere torsk i tillegg til reinsefisk.
Publisert 11.06.2021
Kunngjering - Endra løyve til Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna
Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna har 10. juni 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegget på Storaneset i Bergen kommune.
Publisert 04.06.2021
Kunngjering - Løyve til deponi på Eikefet i Alver kommune
Lindum AS har den 1. juni 2021 fått løyve etter forureiningslova til nytt avfallsdeponi i det nedlagte steinbrotet på Eikefet i Alver kommune.
Publisert 25.05.2021
Kunngjering – Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Bremanger kommune
Nordfjorden Torsk AS fekk 20. mai 2021 løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt matfiskanlegg på lokaliteten Svartekari.
Publisert 11.05.2021
Kunngjering - Løyve til utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av vassveg i fjell for Tufteelva småkraftverk
Tufteelva Kraft AS har 10. mai 2021 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av vassveg i fjell for Tufteelva småkraftverk i Røldal i Ullensvang kommune.
Kontaktpersonar
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65