Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 27.08.2020

Kunngjering - Mellombels løyve til mottak og sortering av massar frå Slettebakken deponi

Veidekke industri MM AS Bergen har 18. juni 2020 fått mellombels løyve etter forureiningslova til mottak og sortering av inntil 300 tonn massar frå Slettebakken deponi. 


Publisert 27.08.2020

Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg på Ågotnes

Stena Recycling AS avd. Ågotnes har 10. mars 2020 fått løyve etter forureiningslova til mottak, lagring og behandling av 50 000 tonn jern og metall, 5000 tonn EE-avfall og inntil 3000 tonn batteri på CCB på  Ågotnes i Øygarden kommune.


Publisert 02.07.2020

Kunngjering - Endring av løyve for utfylling av massar i Store Lungegårdsvann

Fylkesmannen endra 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sitt løyve for anleggsarbeid i Store Lungegårdsvann. Lovleg mengd utfyllingsmassar vart auka med 330 000 m3, til 1 640 000 m3.


Publisert 02.07.2020

Kunngjering - Avslag på søknad om endra bruk av siltgardiner i Store Lungegårdsvann

Fylkesmannen avslo 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sin søknad om redusere frå to siltgardiner til heller å bruke ei siltgardin i sjø og ei i beredskap på land med andre kompenserande tiltak. 


Publisert 12.06.2020

Kunngjering - Revidert løyve til gardsslakteri i Voss herad

Fylkesmannen har den 11. juni 2020 gitt Lars Selheim nytt løyve etter forureiningslova til gardsslakteri på Selheim i Voss herad.


Publisert 12.06.2020

Kunngjering - Løyve til fjørfeslakteri i Kvam herad

Fylkesmannen har den 11. juni 2020 gitt Økodrift Homlagarden AS løyve etter forureiningslova til fjørfeslakteri på Aksnes. Det er gjeve løyve til årleg produksjon av opp til 600 tonn fjørfe.


Publisert 05.06.2020

Kunngjering - Løyve til avfallsanlegg på Ravnanger

BIR Bedrift AS har 29. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg på Ravnanger i Askøy kommune. Dei skal ta imot og kverne trevirke. 


Publisert 05.06.2020

Kunngjering - Løyve til landbasert akvakulturanlegg i Gulen

Sande Aqua AS har den 28. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til eit landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Rørvikneset, i industriområdet Skipavika næringspark i Gulen.


Publisert 26.05.2020

Kunngjering - Mellombels utsleppsløyve for bygging av Håfoss kraftverk i Etne kommune

Sunnhordland kraftlag AS har 20. mai 2020 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp til Fjæraelva i samband med bygging av Håfoss kraftverk.