Kunngjering etter forureiningslova
Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta.
Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert.
Kunngjering av endra løyve- Kystverkets farledsutdjuping innseglinga til Florø
Statsforvaltaren endra 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til utdjuping av farleia inn mot Florø hamn. Løyvet er gjeven til Kystverket.
Publisert 24.06.2024
Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - utviding av Flåm cruisekai for etablering av landstraum
Aurland Hamnevesen KF fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Føremålet med tiltaket er å utvide Flåm cruisekai for å tilretteleggja for landstraum til cruiseskipa.
Publisert 24.06.2024
Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Lesto næringsområde i Stad kommune
Kystverket fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Lesto næringsområde i Moldefjorden.
Publisert 20.06.2024
Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø -Svanøy Havbruk i Kinn kommune
Svanøy Havbruk fekk løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø 20. juni 2024. Formålet med tiltaket er å utvide landarealet på anlegget i Svanøybukta basert på utfylling i sjø, gnr/bnr 117/42 i Kinn kommune
Publisert 19.06.2024, Sist endra 28.06.2024
Kunngjering av løyve til avfallsanlegg for Envir AS i Simonsviken, Bergen
Det nye løyve gir verksemda lov til å vaske forureina massar og erstattar tidlegare løyve.
Publisert 18.06.2024
Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Sævareid Fiskeanlegg i Bjørnafjorden kommune
Sævareid Fiskeanlegg fekk 17. juni 2024 løyve til anleggsarbeid i elv og sjø.
Publisert 17.06.2024
Kunngjering - Løyve til forureining frå to akvakulturanlegg i Austevoll kommune
Lerøy Ocean Harvest AS har 10. juni 2024 fått to nye løyve etter forureiningslova til etablering av akvakulturanlegg for makroalgar på lokalitetane Erholmen og Håviksflu.
Publisert 17.06.2024
Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Solund kommune
Sol Smolt AS har 17. juni 2024 fått nytt løyve etter forureiningslova for utviding av settefiskanlegget på lokaliteten Storevatn.
Publisert 17.06.2024
Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune
Svanøy Havbruk AS har 17. juni 2024 fått nytt løyve etter forureiningslova for utviding av settefiskanlegget på lokaliteten Marøysundet II.
Publisert 14.06.2024
Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Kjøde næringsområde i Stad kommune
Kystverket fekk 14. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Kjøde næringsområde i Kjødepollen.
Kontaktpersonar
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65