Kunngjering etter forureiningslova
Løyve Statsforvaltaren i Vestland har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta.
Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er publisert.
Kunngjering av løyve til gjenbruk av massar i trafikkareal - Mustadvatnet Øygarden
Statsforvaltaren ga 9. februar 2024 løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen. Løyvet regulerer gjenbruk av lettare forureina massar i vegkropp/trafikkareal for etablering av Rv. 555 Sotrasambandet. Massane kjem frå nedtapping av Mustadvatnet og skal plasserast på gnr/bnr 41/34, 40/111 mfl.
Publisert 06.02.2024
Kunngjering av løyve til mudring og utfylling i sjø ved Eikefjord
Statsforvaltaren ga 6. februar 2024 løyve etter forureiningslova til Vestland fylkeskommune. Løyvet regulerer forureining frå mudring og utfylling i sjø ved Eikefjord i Kinn kommune.
Publisert 31.01.2024
Kunngjering av løyve til Sogn Kabelgjenvinning AS
Sogn Kabelgjenvinning AS har 29. januar 2024 fått løyve til avfallsanlegg i Lærdal kommune.
Publisert 15.01.2024
Kunngjering endra løyve til utfylling i sjø Perholmen Florø- Fjord Base
Statsforvaltaren endra 15. januar 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Perholmen i Florø. Løyvet er gjeven til Fjord Base AS
Publisert 04.01.2024
Kunngjering av nye løyve til akvakulturanlegg i Solund
Statsforvaltaren gav den 29. desember 2023 mellombelse løyve etter forureiningslova til fire nye akvakulturanlegg i Lågøyfjorden i Solund.
Publisert 22.12.2023
Kunngjering endra løyve anleggsarbeid i sjø - etablering av Bømlo fiskerihamn
Statsforvaltaren endra 20. desember 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til etablering av Bømlo fiskerihamn. Løyvet er gjeven til Vestland fylkeskommune
Publisert 22.12.2023
Kunngjering av endra løyve- Kystverkets farledsutdjuping innseglinga til Florø
Statsforvaltaren endra 22. desember 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til utdjuping av farleia inn mot Florø hamn. Løyvet er gjeven til Kystverket.
Publisert 08.12.2023
Kunngjering av løyve til vedlikehaldsmudring for Solstrand Fjord Hotel AS
Statsforvaltaren gav den 8. desember 2023 løyve etter forureiningsforskrifta til vedlikehaldsmudring ved gnr./bnr. 66/17 i Bjørnafjorden kommune. Løyvet er gjeve til Solstrand Fjord Hotel AS.
Publisert 08.12.2023
Kunngjering av løyve etter forureiningslova til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger
Statsforvaltaren gav den 8. desember 2023 løyve til anleggsarbeid knytt til oppgradering av Fv. 614 Magnhildskartunnelen i Bremanger kommune. Løyvet er gjeve til Vestland fylkeskommune.
Publisert 06.12.2023
Kunngjering av løyve til Norscrap West AS på Hanøytangen
Norscrap West AS har 20. november 2023 fått endra løyve til avfallsanlegg på Hanøytangen i Askøy kommune.
Kontaktpersonar
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65