Nyhende
Markens grøde er filma i utvald kulturlandskap
Knut Hamsuns Markens grøde er Noregs Oscar-håp og opningsfilm på Bergen internasjonale filmfestival. Store delar av filmen er spelt inn på den freda høgdegarden Ormeli i Luster.
Frå kartlegging til handling – Voss herad deler erfaringar med naturrestaurering
Korleis kan ein kommune finne ut kor det er mest aktuelt å restaurere natur – og korleis går dei frå kunnskap til konkrete tiltak? Voss herad er ein av kommunane som deler erfaringar når kommunane i Vestland møtest til samling om naturrestaurering 11.–12. november.
Holth & Winge til plankonferansen
Nikolai Winge frå Holth & Winge er ein av hovudinnleiarane på årets plankonferanse. Tema i år er 'Gode og effektive planprosessar - samarbeid og kunnskap som grunnlag for betre planlegging'.
Ikkje grunnlag for grensejustering mellom kommunane Alver og Modalen
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har gjort vedtak om at grensa mellom kommunane Alver og Modalen, alternativt Masfjorden, ikkje skal justerast. Avgjerda er endeleg.
Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Hardanger og Voss
I Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Hardanger og Voss er det ledig verv som vara for brukar-/pårørandemedlem frå 1. januar 2027. Søknadsfristen er 18. oktober 2026.
Vil du foreslå nokon til ein orden eller ein medalje?
Framlegg om kandidatar til Kongens fortenestemedalje og St. Olavs Orden skal stilast til Hans Majestet Kongen og sendast til Statsforvaltaren.
Oversending av kondolanseprotokollar
Vi tek i mot kondolanseprotokollar frå kommunar og andre i Vestland som ynskjer at kondolanseprokollane skal bli sende til Slottet. Frist for levering er 24. september.
Kunngjering av løyve til fjerning av dekkdeponi i sjø ved Hjelmås i Alver
Statsforvaltaren i Vestland gav den 8. september Alver kommune løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø.
Redusert telefontid onsdag 9. september
Helseavdelinga og verjemålsseksjonen har ikkje ope for telefonar 9. september Du kan framleis få kontakt med Statsforvaltaren i Vestland ved å ringe til sentralbordet på telefon 57 64 30 00.
Vedtak om korttidsutleige
Korttidsutleige av 15 bueiningar 80 døgn i året krev søknad om bruksendring frå bustad til hotelliknande verksemd.